SVEINUNG IVERSEN
Eg debuterte på Haustutstillinga i 1976, og har hatt over 50 separatutstillingar. Bileta er innkjøpt av mellom andre Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Bergen Billedgalleri.
Eg har desse åra arbeidd innan ulike uttrykksformer, men alltid på papir, som teikning, akvarellar eller etsingar. Eg har heilt frå eg starta som biletkunstnar rekna meg som teiknar og grafikar. Også når eg målar med olje eller akvarell, er det strek eller struktur som opptek meg meir enn sjølve fargen. Som grafikar arbeider eg helst med svart og kvitt, gjerne i lange seriar.

I slutten av 70- åra og fram til 1981, arbeidde eg med eit realistisk uttrykk, og helst i etsing. Stikkord som natur, kulturkollisjon mellom by og land, osv. Frå 1982 til 1986 arbeidde eg med etsingar i stort format. "Atom-mumie"- serien hadde atomtrusselen som underliggjande tema. Frå 1987 til 1991 var fjellandskap og berg eit hovudtema.

Frå 1991 har menneskekroppen og fluger vore eit slags hovudtema. Stikkord for motiva kan vera:
  •  " Dyr og menneske"
  •  " Menneske og natur", eit fragmentarisk bilete på det skjøre livet og den utsette naturen vi er ein del av. 
  • Tid og forgjengelegheit går også igjen i serien med fluger.



F: 22.02.54 PÅ VOSS. ADR.: VANJOLO, 5700 VOSS. TLF: 56 51 45 33
UTDANNING: Bergen Kunst- og Handtverksskule 1973 %96 77.

SEPARATUTSTILLINGAR:
Voss Kunstlag: 1977,78,81,83,85,86.
Grafikkhuset i Bergen: 1982
Stord Kunstlag: 1982
Galleri Øyri, Lærdal: 1983
Galleri Norske Grafikere, Oslo: 1984
Andøy Kunstforening: 1985
Sandefjord Kunstforening: 1985
Høyanger Kunstforening: 1985
Bergen Kunstforening:1986
Rælingen Kunstforening: 1990
Hå Gamle Prestegård: 1990
Galleri Roenland: 1990
Galleri Parken, Bergen: 1991,1995
Kunstnarhuset, Gvarv: 1991
Festivalutstillar på Landskappleiken, Voss: 1991
Ose Kulturverkstad, Setesdal: 1992
Hol Kunstforening: 1993
Sogndal Kunstlag: 1993
Odda Kunstforening: 1993
Galleri AK, Voss: 1993, 1998
Galleri Osebro, Porsgrunn: 1996, 2002
Galleri Allmenningen, Bergen: 1997, 2003
Risør Kunstforening, 1998
Galleri Snikkeriet, Rosendal: 1998
Galleri Bi-Z, Kristiansand: 2000
Galleri Voss, Voss: 2000
Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde: 2001
Galleri Finse, Finse: 2002
Tvedestrand Kunstforening, Tvedestrand: 2002
Galleri Guddal, Rosendal: 2002
Volda Kunstlag, Volda: 2003

ANDRE UTSTILLINGAR:
Haustutstillingen:1976, 78, 82, 84, 86, 87, 91, 95, 96, 98, 99
Vestlandsutstillingen: 1976, 77, 79, 80, 81, 83, 85, 87, 88, 89, 92, 93, 94, 95, 96
" Bilder frå arbeidslivet, " Aktuell Kunst, Oslo: 1980
Metallgrafikk, Norske Grafikere: 1986
Pier Art Centre, Orknøyane: 1988
Galleri Bi-Z, Kristiansand: 1988
Galleri Brandstrup, Moss: 1990
Seljordsutstillingen: 1991
" Erotikk og grafikk," Aktuell Kunst, Oslo: 1991
Hjadlane Galleri, Osa: 1992
Galleri Allmenningen, Bergen: 1994
Galleri Osebro, Porsgrunn: 1994. 95
Art-95, Heimdal, Trondheim: 1995
Galleri Branntårnet, Risør: 1995
Bulgaria Printmakers Union, Sofia: 1995
Nordgrafia, Gotland: 1996
M.K. Ciurlonis Nasjonalmuseum i Kaunas, Litauen: 1998

INNKJØP:
Nasjonalgalleriet
Riksgalleriet
Bergen Billedgalleri
Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum
Oslo Kommunale Kunstsamlingar
Norsk Kulturråd
Sørlandets Kunstmuseum
Sogn og Fjordane Kunstmuseum